Osøyro
Osøyro

Osøyro

- frå strandstad til moderne bygdesentrum

Den vesle strandstaden midt i bygda hadde for hundre år sidan ei kyrkje, tre hotell, ein butikk og nokre naust langs elva og i fjæra. Og så jernbanen, endestasjonen på Osbanen, og det var viktig. Kommunehuset låg her òg, flytta frå Molda i 1884, og gjorde at Osøyro var det administrative senteret i bygda. Etter kvart som kravet til sentrumsfunksjonar berre voks, vart Osøyro større og fekk meir å seia for heile bygda. Handelen auka på, trevareindustrien, seinare også konserves og annan industri la seg til kring elveosen. Lukta frå sildafabrikken og bakeriet på Foreningen blanda seg med lyden av sirkelsaga til Peder Hægland og med støvet frå lokomotivet på Osbanen som lasta kol. Husa voks opp etter eit litt tilfeldig mønster, og med tid og stunder vart det ein liten bygdeby av det.

Etter kvart vart det meir system og rette liner i utviklinga. Som alle stader har mykje av det gamle måtta vika for det nye. Ei gruppe med hus i tilfeldig blanding, men med mykje sjarm, heldt lenge stand midt i sentrum, men måtte til slutt vika plassen for Sentrumskvartalet, som i dag hyser kommuneadministrasjonen. Endå nokre hus frå sveitserstilperioden held stand langs med Baronselva og mot Oselva. Og så Det gamle kommunehuset. I 1986 vart det flytta for andre gong, denne gongen til heiderplassen på Kyrkjeflaten.

Siste tiåret har vore den estetiske perioden på Osøyro. Gjestebryggja har forvandla elvesida frå brua til kaien frå å vera bakgarden ingen ville sjå til å verta det fellesarealet osingane nyter i godver. Skulptur i rundkøyringa som det seg hør og bør i skulpturbygda, park på Kyrkjeflaten og planter og skulpturar både her og der. Oselvarverkstad, -bryggje, -hop og -naust på andre sida av elva, og Os stasjon som snart står fram som i Osbanen sine beste år. Siste tilskot er opprustinga av Telthusplassen ved Baronselva. Ei oase midt i sentrum.