• Utsikt fra Tøsdalfjellet

Fjellturar

843 meter på da høgaste

Fjella er ikkje så høge – opp mot 850 meter på det høgaste – men så nær kysten er det få konkurrentar, så utsynet vert imponerande.

Ein kan velja Høglikampen, Lyshornet, Liafjellet eller Borgafjellet, som alle er lette turar. Dei som ynskjer større utfordringar vel Rødsfjellet og Møsnuken, og dei sprekaste går på Svinningen, og gjerne rundturen slik at ein går opp i Øvredalen og ned att på Midtsæter, eller omvendt. Særleg i dei austre delane av bygda er det mykje fjell, og på ein del merkte stigar vert du invitert til mange flotte fjellturar.

Vandrepokalar

Arr.: Hegglandsdalen Idrettslag Tore Njøten 920 97 051 Knut Olsen 477 55 278 Kort kan kjøpast hos: Jernia P.M. Sælen i Os sentrum 56 30 44 90 Pris: 75 kroner

 

Jaktfalken (10 toppar)

  • Svinningen 843 moh.
  • Søtefjellet 769 moh.
  • Renafjellet 713 moh.
  • Møsnuken 640 moh.
  • Midtsæterfjellet 604 moh.
  • Rødsfjellet 526 moh.
  • Gråfjellet 487 moh.
  • Lyshorn 404 moh.
  • Ørnahaugen 396 moh.
  • Borgafjellet 353 moh.

Vandrefalken (5 toppar)

  • Svinningen 843 moh.
  • Møsnuken 640 moh.
  • Midtsæterfjellet 604 moh.
  • Rødsfjellet 526 moh.
  • Lyshorn 404 moh.

 

Liafjellet

Eit lett fjell å gå på. Fint skogsterreng med merkte stiar, skilting og benkar til å kvila på. Fint utsyn mot Hagavik, Austevoll, Tysnes og Fusa. 259 moh. Tid: 1-3 timar

Os Turlag

Har gjeve ut kart som viser dei merkte stigane, og i løpet av sommaren 2004 kjem det i sal eit heilt nytt, stort adresse- og turkart for Os. I boka ”På mjuke stiar og flotte fjell i Os” skildrar Gudrun Heggland både ruter og opplevingar for dei einskilde turane.