Osbadet

− eit moderne badeland for heile familien!

Hausten 2006 opna Osbadet på Kuventræ i Os kommune. Med alt frå konkurransebasseng og stupebrett til terapibasseng, barnebasseng og rutsjebanar er Osbadet eit symje- og badeanlegg for både babyar, ungar, ungdom og vaksne.

  • Basseng 25 m
  • Terapibasseng
  • Barnebasseng
  • Stupebrett
  • Rutsjebanar
  • Boblebad og badstove
  • Solarium
  • Kafé
  • Butikk

 

I bad for betre helse

Osbadet har eige terapibasseng, med enkel tilkomst for rørslehemma, og eigen terapibenk. Lokale lag har vore med heilt frå planlegginga av, og fleire brukar terapibassenget til faste tider.

Klor, lukt og hygiene

Luktar det klor av deg etter at du har vore i bassenget? Då kan det henda at du burde dusja betre før du hoppa uti. Fri klor luktar ikkje. Men når klor startar prosessen med å halda bassenget reint, og reagerer med smuss og skit, får vi bunden klor. Og den luktar. Derfor er det viktig at du, sjølv om du dusjar heime før du kjem i Osbadet, dusjar på nytt, utan badebukse, og vaska deg med såpe og sjampo, før du går i bassenget.

Er du ikkje heilt rein før bading vil du lukta klor etter bading. Er alle reine før dei badar vil dessutan miljøet i vatnet og lufta bli betre – noko alle har glede av!

Osbadet KF

Idrettveien 39
5200 Os
Postboks 111
5202 Os
Telefon : 56 57 61 20
Telefaks: 56 57 61 21
post@osbadet.no