Bergartar

Det finst eit mangfald av fornminne i Os, dei fleste av dei i dei ytre delane av bygda.

På Søre Neset, sørvestre hjørnet, ligg fornminna tett, særleg kring Vargavågen. Her er gravhaugar, helleristingar dater til år 4000 f. Kr. og klebersteinsbrot, og den karakteristiske Vargahola, ei hole i fjellet like i strandkanten der det i mellomalderen,eller kanksje i vikingtida er vorte teke ut i kleberstein. Ein kulturhistorisk tursti guidar deg gjennom dei ulike attraksjonane. Av fornminne andre stadar må nemnast eit stort klebersteinsbrot i Steinkulo, ikkje langt frå Lyse kloster, og gravhaugane på Hauge, med den store kongshaugen som naturleg sentrum.

Tilkomst

Vargahola og Vargavågen: Køyr mot Halhjem, ta av mot Lekven og køyr mot Nedre Lekven og Ferstad. Parker før bom og ta inn på natursti. Sjå kart.

”ULVEN-KONGLOMERAT” Berggrunnen i Os stammar i all hovedsak frå jordas oldtid (paleozoikum) og fekk sin noverande posisjon og struktur under den Kaledonske fjellkjedefaldinga som fann stad i silurtida (444-416 millionar år sidan). Under denne fjellkjedefaldinga skrumpa oldtidshavet (Iapetushavet), som ein gong eksisterte mellom Grønnland/Nord- Amerika og Noreg, inn som følge av kontinentaldrift, og forsvann heilt i det kontinentalplatene kolliderte. Under kollisjonen vart ei mengd ulike bergartar skuva inn over det norske grunnfjellet frå nordvest (skyvedekker). Dette var mellom anna fragment av havbunnskorpe, sediment avsett på djupt vatn og sediment avsett langs strendene av dette oldtids-havet.

Grunnvass/strand-sedimenta finn vi i dag att som sandstein og stadvis konglomerat. Konglomeratet på Ulven er truleg ein rest av slike strandavsetningar. Konglomeratlaga vart opprinnelig avsett som nær horisontale lag, men er i dag mange stader snudd på høgkant som følgje av kaledonsk falding. Konglomeratet er bollebore (dominert av bollemateriale) der bollematerialet varierer fra ca. 1 cm til 10 cm i diameter. Bollemateriale er i hovudsak kvartsitt men også serpentinitt, metasandstein og marmor. Bollane vart i utgangspunktet godt runda som følge av mekanisk påverknad under avsetting (rennande vatn/ bølgjer), medan den avlange forma oppstod som følge av seinare (kaledonsk) påverknad.

Parker ved kryss mellom fylkesveg 160 og 161, ved Ulven leir. Gå på sti mot Sigurdsvika ved Ulvenvatnet, i skogen nord for vatnet.