• Gang og sykkel i Os

Gang og sykkel

På sykkel i Os

Sykling er ein flott aktivitet for heile familien. Du bestemmer sjølv farten og når du vil stoppa. Os har mykje fin natur som er flott å oppleva frå sykkelsetet.

Nordsjøsykkelruta er ei sykkelrute som følgjer kysten rundt Nordsjølanda. Ruta er merkt med eigne sykkelskilt og det er utarbeidd kart og ruteskildring. Til Os kjem ruta frå Bergen over Fanafjellet til Lysefjorden, her har du flott utsyn til Lysøya og Ole Bulls villa. Det går skyssbåt til Lysøya frå Buena kai. Ruta held fram opp Lyse kloster dalen, her syklar du forbi Lysekloster kapell før du kjem til Lyse kloster ruinar, som stammar frå det første cisterciensar-klosteret i Noreg, grunnlagt i 1146. Frå klosteret fortset du til Ulven leir og vidare over Kuven til Os sentrum. Frå sentrum syklar du sørover på gamle Halhjemsvegen til kaien på Halhjem. Mellom Halhjem og Sandvikvåg på Stord går det ferje. Det finst kart og ruteskildring for strekninga Bergen – Kristiansand. Du kan òg finna informasjon på www.northsea-cycle.com

Til fots:

Strandvegen Med den naturen som Osbygda er gjeven er det berre å velja og vraka for den som likar å ferdast i det fri. Du kan tøffa langs strendene, klyva til fjells eller ta deg behagelege spaserturar i låglandet. Frå Osøyro og nordaustover ligg til dømes dei vakre strandeigedommane som perler på ei snor, og i 2003 vart Strandvegen opna: På ein to kilometer lang gangveg går du frå Osøyro, over Haugsneset og Lyngheim, gjennom Døsvighagen, forbi Solstrand og Moldegård og fram til Moldaneset.