Litteratur og bibliotek

Os Folkebibliotek er ein hyggjeleg møteplass med eventyrleg innhald

Strålende Os

Av Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde

Boka er ei fotoreise gjenom det mangfaldet Os har å by på med følje av korte tekstar. Forfattarane/ fotografane er med på «årets fest», ei sommarhelg spekka med blues- og jazzkonsertar, kunsterisk utfalding og folkeliv. Noregs nasjonalbåt og den tradisjonsrike rosemålinga har òg fått sine sidar. Arve Tellefsen er på Lysøen, og Vargavågen har ei hemmeleg fortid. Den vakre og varierande naturen med litt av det allsidige dyrelivet er òg med. Dette er ei skildring av Os slik fotografane ser bygda anno 2009, både på bakken og frå lufta. Utgjeve: 2009 Språk: Bokmål Pris: 398 kroner

 

Gløymebok for Osøyro

Av Olaug Tvedt Keys, Synnøve Tvedt Øvrebø og Bernt Kristiansen

224 sider med 500 bilete, dei fleste private, dei fleste frå tida mellom andre verdskrig og 1980. Boka visar Osøyro, Os sentrum, med folk, bygningar og butikkar, med tekstar som fortel om bileta, og om viktige og mindre viktige ting som skjedde. Har du noko som har gått i gløymeboka? Du finn det kanskje i denne. Utgjeve: 2006 Språk: Nynorsk Pris: 398 kroner

Gløymebok 2

Av Olaug Tvedt Keys, Synnøve Tvedt Øvrebø og Bernt Kristiansen I 2007

Eitt år etter den første Gløymeboka kom ut, var Gløymebok 2 ferdig. Denne handlar om ”Haugane rundt Osøyro”, om osingane, dei som budde rundt Osøyro, kven dei var og kva dei levde av. 304 sider med 700 bilete. Utgjeve: 2007 Språk: Nynorsk Pris: 398 kroner

På mjuke stiar og flotte fjell i Os

Av Gudrun Heggland Innhaldsrik og flott bok om turar i Os, nyttig og inspirerande om 13 konkrete ruter. Forfattaren stifta Os Turlag og sat fleire år som leiar. Ho er rik på kunnskap om planteliv og gjer ein stor innsats for den særmerkte blomen Osrosa. Gudrun Heggland fekk i 2004 Kongens fortenestemedalje for sin innsats som friluftsmenneske og rosemålar. Hausten 2005 kjem ho ut med nok ei turbok. Utgjeve: 2004 Språk: Nynorsk Pris: kr. 150,-

Kulturhistorisk vegbok: Hordaland

Kunnskapsverket for alle heimar og for de reisande på vestkysten. Eit epos om kvardags-Noreg. Kulturminne og historiske miljø er rikt illustrerte med historiske bilete, teikningar, landskapsportrett, biletkunst, rekonstruksjonar og temakart. Utgjeve: 1993 Språk: Nynorsk Pris: kr. 390,-

Naturhistorisk vegbok:

Hordaland Eit omfattande bokverk om fylket si naturhistorie – ei tvillingbok til Kulturhistorisk vegbok, Hordaland. Ei storsatsing på formidling av kunnskapen om naturressursar og naturkvalitetar i fylketei reise ut i landskapet og inn i kunnskapen! Utgjeve: 2004 Språk: Bokmål Pris: kr 490,-

Os Folkebibliotek

Hyggjeleg møteplass med eventyrleg innhald: inspirasjon, informasjon, kunnskap og kultur, i bøker, aviser, tidsskrift og på internett – heilt gratis.

Os Næringspark,
Holtbrekka 7
5200 Os
Tlf. +47 56 57 52 70
http://os.bibliotekivest.no
os.folkebibliotek@ os-ho.kommune.no

Opningstider:

Måndag 10-19
tysdag 10-15
onsdag stengt
torsdag 10-19
fredag 10-15
laurdag 10-14

Sommarstengt: 11. juli til 1. august
Stengt laurdagane 9. juli og 6. august.

Tilkomst:

Gangavstand frå Osøyro; følg Byvegen, E39, nord til Best-stasjon, gå opp bakken mot næringsbygg. Eit eventyrleg bibliotek Os folkebibliotek flytta inn i nye moderne lokale våren 2007. Visjonen er å vera eit eventyrleg bibliotek. Dette kjem til uttrykk i innhald, presentasjon og service. I tillegg til å vera studiestad og kultursentrum er biblioteket ei daglegstove for osingar og alle andre. Biblioteket presenterer m.a. gamal rosemåling frå Os. I tillegg til utlån, resirkulerer biblioteket brukte bøker. Finn du sommarboka di her, - ei eller fleire – er ho di til odel og eige. Lån sommarbøkene i tide!