Rosemåling

Rosemåling i Os frå 1820-talet og fram til i dag.

Rosemålarar

Nils Tveiterås kom frå Samnanger til Midthus i Hegglandsdalen i 1824. Han dreiv med rosemåling slik faren og farfaren hans hadde gjort. Nils utvikla etter kvart sin eigen stil, som skilde seg klårt ut frå den tradisjonen han kom frå. Dette er det som seinare er vorte kalla Os-måling.

Nils, som no kalla seg Midthus, tok også inn læregutar. Fyrst granneguten Ola Lien, som seinare tok namnet Midtbø, og seinare sin eigen son Annanias, som seinare kalla seg Tveit. Desse to, Ola Midtbø og Annanias Tveit utvikla stilen vidare, og gjennom deira lange aktive tid som rosemålarar nådde Os-målinga eit høgdepunkt. Det er ein svært stor produksjon att etter dei to meistrane frå siste helvta av 1800-talet og fram til kring 1920. Alle som seinare førte denne tradisjonen vidare hadde lært kunsten hos ein av desse to.

Læregutar

Annanias Tveit hadde særs mange læregutar; i ein lang periode hadde han reine rosemålarskulen i verkstaden sin på Tveit. Det var mange som lærde og som måla mykje fram til trettitalet, men etter krigen var det stort sett versonen hans, Peder Rød, og son til Ola Midtbø, Karl som heldt tradisjonen i hevd. Til gjengjeld hadde desse to ein svært stor produksjon gjennom eit langt liv. Annanias Rød, som hadde lært kunsten hos far sin, heldt mange kurs og la dermed grunnlaget for oppbløminga i rosemålakunsten frå 1970-talet og utetter.

I dag er det fleire enn på lange tider som målar Os-måling. Den som har drive det lengst er truleg Torunn Rød Farsund. Som dotter til Annanias Rød er ho rosemålar i sjuande generasjon.

Os er truleg den einaste staden i landet der rosemåling har vore ein samanhengjande, levande tradisjon frå 1820-talet og fram til i dag.

Rosemålarane EI SLEKTSKRØNIKE Av Lars Skorpen Ei bok om nokre av rosemålarane i Os, både dei originale skaparane av kunsthandverket og dei som kom seinare. Les om ein tradisjon som fører oss tilbake til tidleg 1800-tal, les om slekta bak Torunn Rød Farssund, ein av dei tydelegaste tradisjonsberarane i dag. Pris: 250 kroner