• Kystsogedagane i Os

Kystsogedagane i Os

Kystsogevekene er sett saman av arrangement over heile fylket inkludert Gulen i Sogn og Fjordane.

 20 kommunar og nær 190 arrangement er med dei fem vekene arrangementet varar.

I 2011 er det offisielle opningsarrangementet lagt til Os.

- Vi har fleire gonger ymta frampå at vi kunne tenkje oss arrangementet, men har av ymse grunnar holdt igjen, fortel Åsmund Lien. - Først hadde vi ein byggjeplass då Vindu mot Fjorden blei bygd, så ville vi vente på Oseana. Men no er vi klare til å stå for den offisielle opninga, seier Lien. Dei siste åra har kystsogedagane i Os blitt opna med fiskekonkurranse, open båt på Hargun, kunstutstilling på Vedholmen Galleri og av og til kappsegling i Oselvar.

Kva skjer no når Os kommune skal ha hovudopninga av kystsogevekene? - Arrangementa i Øyane skal vi nok framleis ha, men den offisielle opninga blir flytta til sentrum og får ei anna form.

Ventar opp mot 100 gjestar

I midten av august, blir ei høgtidleg markering med stortingsrepresentantar, ordførarar frå dei kommunene som deltek og andre inviterte. - Eg reknar med at det blir ein 80-100 inviterte gjestar frå nær og fjern.

- I tillegg blir det sjølvsagt opne arrangement for osingane, avsluttar Åsmund Lien.