Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden byggjer båtar og tek vare på det eldgamle båtbyggjarhandverket.

Her arbeider yngre og eldre båtbyggjarar i lag, dei unge for å læra oselvartradisjonen av dei eldre. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er den mest detaljerte og komplette som finst i dag. Slik kan oselvarbyggjarane byggja båtar med nett dei eigenskapane brukarane treng. Nokre timar kvar veke kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider.

Verkstaden har òg ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale.