Oselvaren

Oselvaren fekk namnet sitt for kring 250 år sidan.

Båttypen og tradisjonen i Os er likevel mykje eldre, og sakte men sikkert utvikla han seg gjennom hundreåra, etter kvart som bruksområda, fiskereiskapen og andre ting som påverka bruken endra seg. På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen mellom fiskarane på heile Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.

Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt. Det vert framleis skipa til kappsegling – med eigen noregsmeisterskap – for oselvarar.