• Lysekloster i Os

Lysekloster

Klosteret var i funksjon fram til 1536.

Klosteret vart grunnlagt i 1146 av munker frå Fountains Abbey i England.

Då bisp Sigurd i 1146 skipa Heilag Maria kloster til Lyse, la han samstundes grunnlaget for det som meir enn noko anna skulle koma til å prega Osbygda gjennom meir enn 700 år. I cisterciensarordenen si ånd skulle munkane arbeida hardt og leva i fattigdom. Dette hindra likevel ikkje at klosteret snøgt vart både rikt og mektig, og på ymse vis la under seg dei fleste gardane i Os.

Etter kvart kom også svært mange andre gardar til, spreidde frå Ryfylke til Nordfjord. Berre i Hardanger åtte klosteret 50 gardar, like mange som i Os. Når også andre store jordeigarar skulle ha sitt, vart det ikkje att mange sjølveigande bønder i bygda. Med skiftande eigarar i eit par hundre år etter reformasjonen byrja rivinga. Den danske adelsmannen Erik Rosenkrantz var ein av eigarane. Han ville laga seg eit minnesmerke, og bygde Rosenkrantztårnet i Bergen, delvis av stein frå Lyse kloster. Stein frå klosteret finst òg att i Kronborg slott i Danmark, og det vart ført skipslaster med stein til Tyskland.

Ruinane er i dag delvis restaurerte, og er utan samanlikning den mest besøkte attraksjonen i Os. Ruinane av Lyse Kloster høyrer til Lyse Kloster Hovedgård og er soleis den dag i dag privat eigedom.

Adresse: Lysekloster
Opningstider: Heile året
Entré: Gratis
Tilkomst: Om lag 10 minutt med bil/taxi frå Os sentrum 20 minuttar å gå frå kaien på Kafe Ole B.