Flyfoto Osøyro
Flyfoto Osøyro

Os i Hordaland

Ved ein av verdas vakraste turistattraksjonar, Bjørnefjorden, ligg den idylliske bygda Os.

Opplev aktive dagar med båtliv, golf, fiske eller fjellturar – og nyt naturen langs elva, ved fjorden, i hamna eller i fjæresteinane.

I Os kan du sjå kulturminner som Lyseklosterruinane frå 1146 og Ole Bulls Villa på Lysøen, vitja Oselvarverkstaden, Galleri Solbakkestova og fleire andre utstillingar.

Fjordar, øyar, holmar og skjer…Varme sommardagar, med sol, grilling og badeliv…. Hus, hytter og naust i nydeleg natur… Båtliv, fiske, god mat og drikke, - solnedgang i fjæresteinane saman med kjærasten ein varm juli-kveld… Kan du tenkja deg noko betre?

Os kommune kan by på alt dette, både for fastbuande og tilreisande.

Lokalisering

Vår lokalisering 40 minutters kjøretur sør for Bergen sentrum gjev oss ei unik lokalisering opp mot storbyen, samstundes som vi kan by på fantastiske naturkvalitetar. Kort oppsummert; - ein sørlandsidyll i vestlandsnatur! Gjennom prosjektet «Os inspirerer» legg kommunen no til rette for vidare utvikling av kommunen.

Utvikling

Osøyro skal vidareutviklast som tettstad og regionsenter, og det vert satsa på omfattande utbygging i Os Hamn, med nye bustad- og næringsareal, kaifrontar, molo og småbåthamn. I 2006 opna også vårt nye badeland, Osbadet, på Kuventræ. Her finn ein alle fasilitetar med 25-meters basseng, terapibasseng, barnebasseng, vass sklier, stupetårn og kafeteria. Sjekk nærare på www.osbadet.no

Turistar

Er du tilreisande eller turist i eigen kommune vil eg på det sterkaste oppmoda om at de utforskar kommunen. Oppsøk Ole Bulls praktfulle villa på Lysøen, Lyse Kloster, Solstrand Hotel & Bad, kommunesenteret Osøyro, Galleri Oz, skjergarden frå Bjørnefjorden via Øyane og Strøno til Lysefjorden, Oselv vassdraget og fjella i Os. Vær nysgjerrig!

På vegne av Os kommune ønskjer eg alle tilreisande gjestar hjarteleg velkomne til Os! Osingane er eit gjestmildt folk, som vil ta i mot dykk på beste måte.

Ordførar Terje Søviknes

Fakta om Os

  • Areal: 139,0 km2
  • 19.097 innbyggjarar (28.04.2015)
  • 40 minuttar frå Bergen
  • 40 minuttar frå Bergen lufthavn
  • Ved inngangsporten til Hardanger
  • Femte største i folketal av 33 kommunar i Hordaland.

Fakta om Hordaland

  •  Areal: 15.440 km2
  •  477.175 innbyggjarar (1.1.2010)
  •  6.482 øyar i sjø
  •  15.529 innsjøar
  •  8.741 km kystlinje
  • Største øy: Osterøy, 329 km2
  • Største innsjø: Nordmannslågen, 11,09 km2
  • Høgaste fjell: Hardangerjøkulen, 1.863 moh.
  • Høgaste fossefall: Skykkjedalsfossen, Eidfjord, 300 m.
  •  Lengste fjord: Hardangerfjorden, 179 km
  • Største isbre: Folgefonna, 212 km2
  • Lengste vegbru: Nordhordlandsbrua, 1.610 m
  • Lengste vegtunnel: Folgefonntunnelen 11.150 m

Barnehager

I Os kommune er det 19 barnehagar: 5 kommunale, 13 private og 1 tilhøyrande Helse Bergen. Ein av dei kommunale barnehagane er knytt saman med ein skule i barnetun. I tillegg er det ein open barnehage; Osøyro Åpen barnehage. Os kommune vil tilby alle småbarnsforeldre eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Det gjer vi gjennom det mangfald av kommunale og private barnehagar som er i kommunen.

Søk om barnehageplass

Skule og utdanning

Kommunen har ansvar for grunnskuleopplæring (1. - 10. årstrinn) og for at barn og unge får opplæring i tråd med opplæringslova. Det daglege ansvaret for dette er delegert til rektor ved den einskilde skule. Kommunasjef for oppvekst og kultur har det overordna ansvaret. Medarbeidere i Oppvekst og kultur-stab er kommunalsjefen sine rådgjevare for å ivareta funksjonen som skoleeigar på vegne av kommunen. Os kommune har 11 skular der 8 er barneskular, 2 er kombinertskular med 1.-10.årssteg og 1 ungdomsskule. Tre av skulane har felles leiing med barnehage i eit barnetun . Det er om lag 2.350 elevar i Os.

Les meir på Os kommune sine nettsider

Førebyggande helsetenester

Førebyggande helsetenester omfattar jordmor- og helsesøstertenesta. Hovedformålet med tenesta er å fremje helse og førebygge sjukdom til gravide og barn og unge fra 0 - 20 år. Smittevern gjeld alle aldersgrupper. Førebyggande helsetenester skal også kartlegge helsetilstanden i kommunen.

Les meir på Os kommune sine nettsider