Utstilling - Trine Lise Nedreaas

MASKEN Del 1: Verdens minste maske.
 
 
 

“Visiting an eminent doctor for his melancholia, the physician prescribed a night with the remarkable Grimaldi. After a pause, his patient hauntingly replied, “I am Grimaldi.”
 
(Wes D.Gehring: "Red Skelton The mask behind the mask")
 
Maska si kraft er blitt brukt til å påverke det guddommelege og det demoniske, og til å framstille det avskyelege og det latterlege. Den er blitt brukt som fysisk og åndelig vern, og nytta i dramaterapi, skodespel og klovneri. Maska - eit nytt andlet som blir lagt utanpå det gamle - forvandlar bæraren til ein annan. Maska blir på denne måten foruroligande; den kan representere det som er uekte, bortgøymd, undertrykt og fortrengt.
 
Trine Lise Nedreaas´verk, som får si premiere i Galleri Hvelvet på Oseana, er første del av ein serie dokumentariske videoinstallasjonar kalt MASKEN. Her møter vi Arthur, også kjent som Clown Vercoe og Arthuro, medan han gradvis legg på sine ulike klovnemasker og generøst delar av sine erfaringar med kamera og betraktar. Det inntrer ein langsam metamorfose idet personen Arthur svinn meir og meir hen, og klovnen tar over. Slik rører dette verket ved kven vi er og kven vi vel å være, kva vi vel å tru på og korleis vi er delaktig i å skape vår eigen skjebne.
 
Klovnen er ein universell arketype som finnast i ei eller annan form i alle kulturar. Gjennom si maske gøymer han det underliggande, og reflekterer og gjev uttrykk for menneskelege kjensler og tilstandar i karikert form. Klovnen er ei kroppsleggjering av håp i møte med håpløyse, og moglegheit i møte med det umoglege. Han er ein draumar og ein optimist som gjev farge til Becketts kjende ord; “Ever Tried. Ever Failed. No matter. Try again. Fail again. Fail better.”
 
Trine Lise Nedreaas arbeider i ei rekke medier, men er kanskje best kjend for sine video- og installasjonsverk. Arbeida hennar har blitt omfattande presentert internasjonalt, blant anna ved «Times Square Art on the Billboards», New York, i utstillinga «Personal Structures» som del av Veneziabiennalen, Mori Art Museum, Tokyo, PS1 Moma, New York, Kunstwerke, Berlin, Palazzo delle Arti, Napoli, Everson Museum, New York, New Center for Contemporary Art, Louisville, Art Pavillion i Zagrep og MACRO, Museo d’Arte Contemporanea, Roma. I Noreg har ho stilt ut ved Astrup Fearnley museum, Oslo, i Vigelandmuseet, Oslo, Kunstgarasjen, Bergen, Galleri SE, Bergen, Galleri Brandstrup, Oslo, Fotogalleriet, Oslo for berre å nemne nokre eksempel frå ei særs fyldig vitaliste. Verk av Nedreaas er innkjøpt av samlingar som Albright Knox Collections, USA, Staatliches Museum Scwering, Tyskland, Nasjonalmuseet, Noreg og KODE Kunstmuseer og Komponisthjem, Bergen. Ho har si kunstutdanning frå Slade School of Fine Art og Central Saint Martin College of Art & Design i London, og har studert arkeologi ved Universitetet i Bergen og kunsthistorie ved universiteta i Bergen og Oslo. Ho bur og arbeider i Bergen.
 
Verket er produsert med støtte frå Billedkunstnernes vederlagsfond og Vestnorsk filmsenter.
Utstillinga står til 4. august. 
 
Utstillingsprogrammet i Galleri Hvelvet er støtta av Kulturrådet

Tid: 
Lørdag, juni 1, 2019 - 14:00
 

Det skjer i Os