Utstilling: Bleken & Bjertnæs

Årets sommarutstilling er eit meistermøte mellom to gigantar. 

 
(Scroll down for English)
Gjer klar for eit meistermøte!
Sommarutstillinga 2017 på Oseana byr på eit møte mellom to gigantar i norsk kunstliv, Sverre Bjertnæs (f.1976) og Håkon Bleken (f. 1929).
Den store aldersforskjellen gjer at dette møtet kunne handla om nettopp det - alder, ung vs. gamal. Det gjer det ikkje på nokon måte. Håkon Bleken og Sverre Bjertnæs har i lang tid næra stor respekt for kvarandre sitt arbeid. Sverre var elev hos Bleken i sin ungdom, og dei har ved nokre anledningar også laga kunstverk saman. Med ei nær 70 år lang karriere bak seg er Håkon Bleken ein nestor og ein bauta i norsk kunstliv. Han har stilt ut i Nasjonalgalleriet, er kommandør av St. Olavs orden og har stått bak ei rekkje store endringar i norsk kunstsyn. Sverre Bjertnæs har vore eit vedunderbarn og var som ung mest kjent som ein av dei mest framgangsrike elevane av Odd Nerdrum. Det store gjennombrotet hans og ferda mot å bli ein av dei viktigaste samtidskunstnarane i Noreg kom likevel ikkje før han braut med den figurative Nerdrum-stilen og utvikla ein særeigen motivkrets. Bleken og Bjertnæs er to svært ettertrakta kunstnarar på kunstmarknaden, og å få begge til å stille opp saman på Oseana er noko vi gler oss stort over å ha fått til. Kurator for utstillinga er Marianne Gathe i samarbeid med Galleri Brandstrup.
Utstillingsperiode: 10. juni - 23. juli
 
NB! Fredag 30. juni stenger utstillinga kl 14:30 grunna privat arrangement.
 
Get ready for a meeting between masters! 
 
The Summer Exhibit 2017 at Oseana offers a meeting between to giants from the Norwegian art scene, Sverre Bjertnæs (born 1976) and Håkon Bleken (born 1929). 
This meeting could easily have been about the big difference in age– young vs. old. It is not, however. Over the years Håkon Bleken and Sverre Bjertnæs have grown great respect for each other´s work. As a young man, Sverre was Bleken´s student, and they have also made som great works of art together. With a career that has lasted for almost 70 years, Håkon Bleken is both a nestor and a monumental figure in the Norwegian art scene. He has had exhibits in the National Gallery, he is a commander of the St. Olav´s Order, and he has had a significant influence on how people look upon art in Norway today. At young age, Sverre Bjertnæs was considered a prodigy, and he used to be mostly known as one of the most successful students of Odd Nerdrum. However, his breakthrough and his journey towards becoming one of the most important contemporary artists in Norway did not come until he broke with the figurative Nerdrum-style and developed his personal circuit of motives. Bleken and Bjertnæs are two very sought after artist in the art scene, and we are proud and happy to have them exhibiting together at Oseana. 
Curator for the exhibition is Marianne Gathe in collaboration with the Brandstrup Gallery. 
The exhibition opens on Saturday June 10 at 1pm
Exhibition period: June 10 - July 23. 

Tid: 
Lørdag, juni 10, 2017 - 13:00
 

Det skjer i Os