Så ha ei god jul då!

Tenorane og Steffen Horn

Opplev den krititerroste og bejubla gruppa Tenorane og Steffen Horn og deira julekonsert!
 
Tenorane er ein av landets framste songtrioar. I si blanding av alvor og humor har dei skapt julesteming over heile landet sidan starten i 2011. I år kjem dei med ein heilt ny konsert regissert og koreografert av Tore Nysæther!
Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom «Så går vi rundt om en enebær busk» og Bachs «Juleoratorium», sit juleforteljingane i ryggrada. Repertoaret går frå Bach til Beatles, frå Puccini til Prøysen - alt formidla med stor musikalitet og humør. 
 
PRESSA HAR SAGT:
Terningkast 6 «Tett på det perfekte!» Tysvær bydeblad
Terningkast 5 «Gir meg gåsehud» Haugesunds Avis 
«Som de begeistret…», »Det var så vakkert at vi fikk tårer i øynene» Namdalsavisa
«Stemningsfullt og mektig», »O Helga Natt traff publikum rett i hjerterota» Trønder-Avisa 
 
Dei tre tenorane Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad utgjer stemmene. Med seg har dei pianist og mulitmusiker Steffen Horn. 
 
Ord. 385,- / BT 310,-

Oseana Kunst & Kultursenter

Tid: 
Lørdag, desember 7, 2019 - 18:30
 

Det skjer i Os