Os Senioruniversitet: Terje Søviknes om Bjørnafjorden kommune

Den nye kommunen i Hordaland

Terje Søviknes: Bjørnafjorden den nye kommunen i Hordaland. 
Terje Søviknes (f.1969) er politikar frå FrP og har vore ordførar i Os sidan 1999, i heile 5 periodar! 
Han hadde rett nok eit lite avbrekk frå desember 2016 til august -18. På desse to åra, då han vart henta til Regjeringa som olje- og industri-minister, fekk han være med på ei ny optimisme og oppsving for oljeindustrien i Noreg.  
I løpet at Søviknes si fyrste periode som ordførar, fekk Os kommune full barnehage- og sjukeheims-dekning. Det vart starta organiserte charterturar for pensjonistar, og han fekk fjerna 50 årsverk i kommunen. Underskotet i kommunen vart vendt til overskot. Gjennom åra har han hatt ei fast hand på styringa av kommunen, og han har utretta mykje godt takk vere si breie kontaktflate i fylkesting og fylkesutvalet, men også for si personlegdom: han er idérik, veltalande og tek fatt i problema som er til for å løysast! Mange stillar seg no spørjande til korleis vegen vil gå vidare med Bjørnafjorden kommune?                                                                                                                          
Terje Søviknes er son av metallarbeider og fisker Eirik Søviknes og butikk-medarbeider Gunn Drange. Han vaks opp på Søvikneset i Lysefjorden i Os, og har studiekompetanse frå Os gymnas. I 1992 vart han utdanna som akvaingeniør ved Høgskolen i Bergen. 1992-95 studerte han ved NHH, men mangler visstnok hovedoppgåva. Ordførar gjennom 20 samanhengjande år må vel kunna godkjennast som hovedoppgåve nok!?
 
Semesterkort (fri inngang).
Førehandsal og billettsal i døra, kr. 100,-

Tid: 
Mandag, november 11, 2019 - 11:00
 

Det skjer i Os