Os Senioruniversitet: Norsk leprahistorie

Sigurd Sverdrup Sandmo

Foredrag v/Sigurd Sverdrup Sandmo:
"Om den norske leprahistoria"
 
Sigurd Sverdrup Sandmo gjev ei innføring i historia om det som på 1800-talet vart rekna for ein folkesjukdom på Vestlandet. Det er ei forteljing som tek oss til skuggesida av det gamle norske bondesamfunnet, men òg til vitskaplege gjennombrot i Bergen som framleis blir hugsa i land langt borte. Sandmo set den norske historia inn i ei større samanheng, og fortel om sine internasjonale formidlingserfaringar frå dei åra han leia Lepramuseet St. Jørgens Hospital.
Sandmo var direktør for Lepramuseet frå 1998-2005, utstillings- og formidlingsleiar ved Bymuseet i Bergen frå 2006-2013, direktør for komponistheimane i KODE frå 2013-2019. Sigurd Sandmo har studiekompetanse frå Bergen Katedralskole 1987-90. Seinere studerte han Nordisk språk og litteratur ved UiB, og vart Cand.Philol. 
Han er i dag tilsett ved Det Kongelige Hoff, som sjef for De kongelige samlinger, men er busett i Os.

Semesterkort (fri inngang).
Førehandssal og billettsal i døra, 100,­-
 

Tid: 
Mandag, oktober 7, 2019 - 11:00
 

Det skjer i Os