Os Senioruniversitet: Kan islam endrast?

Foredrag

Os Senioruniversitet
 
Foredrag ved Anne Katrine Bang: Kan islam endrast? Om Islamsk lov og Islamsk feminisme.
 
Frå dagens islamske feministrørsle og korleis den argumenterer for endringar frå innsida. 
Anne Katrine Bang er historikar og forfattar, fødd i Bergen og oppvaksen i Os. Ho har doktorgrad i arabisk historie og har spesialisert seg på kunnskap om dei kulturelle sambanda mellom Sør-Arabia og kystområda rundt Det indiske hav. Dette emneområdet har ho publisert i bøker, samt i fag- og populærhistoriske artiklar.
I følgje Gyldendal, er Bang sine romanar prega av stor fabulerande kraft og vilje til å utfordra og diskutera våre oppfatningar om «sanning» og «verkelegheit». Sjølv seier ho om emnet for foredraget: Tradisjonell islamsk lovgjeving har ofte blitt oppfatta som lite kvinnevenleg, og det er lett å finne støtte for dette synet både i tekstar og i praksis i mange land. Den islamske feministrørsla i vår tid har lenge kjempa for å endra dei islamske lovreguleringane frå innsida, nettopp for å få fram nye tolkingar.
For å få dette igjennom, viser dei ofte til historia, både til Profeten Muhammads tid, men også til epokar der lovene vart praktisert annleis. Foredraget tar for seg dagens islamske feministrørsle og forklarar korleis den argumenterer for endringar frå innsida.
 
Semesterkort (fri inngang).
Førehandsal og billettsal i døra, kr. 100,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 
 

Tid: 
Mandag, september 2, 2019 - 11:00
 

Det skjer i Os