Linda Eide - Oppdrag Mottro

Som eit lite stykke Noregshistorie

Hordaland Teater presenterer:
Linda Eide - Oppdrag Mottro
Ei personleg jakt i ei felles fortid
 
Endeleg kan publikum ved Bjørnafjorden få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm og vittig soloframsyning, der ho utforskar både si eiga mor og det mytiske omgrepet gamle dagar. Dette er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkande framsyning med mat til både hjarte og hovud. Latteren sit laust, men bak den lurer også ei tåre. «Oppdrag Mottro» vart spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018 til stor suksess med fulle hus. Og framsyninga fekk veldig gode kritikkar i pressa:
 

Bergens Tidende:   TERNINGKAST 5  «I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse.»…..»Det rolige tempoet og den tilbakelente stilen kler Eide. De små musikksnuttene pakker inn forestillingen aldeles nydelig og fortellingen er i det hele tatt tett og effektiv. Og til sist: for en scenepersonlighet Linda Eide er. Skulle tro hun aldri hadde drevet med noe annet enn scenekunst»

Bergensavisen:   TERNINGKAST 5  «Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»…«Det er bare Linda Eide som klarer å gjøre et helt ordinært liv om til noe underfundig og fint. Når det kommer til utlevering av egne familiemedlemmer, naboer og andre, så er det to metoder. Det er den Knausgårdske metode, og det er Linda Eides metode. Jeg tror Mottro, eller mamma Eide, er glad datteren ikke valgte førstnevnte.»
Dag og Tid, Jan Landro:
«Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»
 
Avisa Hordaland: «Trampeklapp for Linda og Mottro»  
«Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.»
«Linda og regissør Arvid Ones har på meisterleg vis funne den fine balansegangen som held publikum å tå hev «… «Sjeldan har tida gått så fort.»
 
Av og med: Linda Eide
Regi: Arvid Ones
Scenografi: Olav Myrtvedt
Lys: Einar Bjarkø
Video: Einar Bjarkø, Linda Eide
Video / lyd tilrettelegging: Mathias Grønsdal
Mottro si stemme: Liv Bernhoft Osa
 
Framsyninga varer i 1 time og 20 min utan pause
Ord. 395,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Tid: 
Fredag, september 20, 2019 - 19:00
 

Det skjer i Os