Jubileumskonsert Os skulekorps

Os skulekoprs feirar 60 år!

Jubileumskonsert Os skulekorps
Os skulekorps feirar seksti år i 2019, og dette blir markert med storslått jubileumskonsert. Skulekorpset tar oss med tilbake til oppstartdatoen og vidare gjennom korpset si historie i seksti år.
For å feira dette jubileet denne kvelden får korpset med seg både tidlegare medlemmer og dirigentar, i tillegg til Os Musikkforening. Høgdepunktet blir eit nyskrive verk til Os skulekorps, komponert av tidlegare musikant Jone Kuven, som for tida studerer komposisjon ved Griegakademiet i Bergen.
Os skulekorps ønskjer velkomen til konsert, og lovar både musikalske opplevingar, kake og konfetti ­- alt ein kan ønskja seg i eit skikkeleg 60-­års lag.
Ord: 150,-

Tid: 
Søndag, november 10, 2019 - 17:00
 

Det skjer i Os