Humørswing og heite taktar!

Svingande rytmar og godt humør

Humørswing og heite taktar!
Med Tilslørte Bondepiker og Oldtimers Bigband
 
Vokalgruppa Tilslørte bondepiker og storbandet Oldtimers Bigband inviterer til ein svingande laurdagskveld i Oseana!
Saman med bandet Veggpryd byr vi publikum på eit musikalsk kinderegg av rytmar, song, humør og heite taktar.
 
Tjue heldige kan sikra seg «Golden Circle suprise»-billettar, ved småbord på scenegolvet. Dei som sit her, kan venta seg ei lita overrasking på kjøpet.
 
Oldtimers Bigband er eit fulltalig storband med medlemar frå Os, Bergen og Hardanger. Medlemane har alle lang og solid musikalsk bakgrunn, og spelar svingande storbandmusikk av høgste klasse.
Tilslørte Bondepiker er ei lystig vokalgruppe med fem års fartstid, og over hundre års korerfaring. Damene byr på musikalsk lått og løye, og syng for det meste populærmusikk i spesialskrivne arrangement. Dirigent: Kristine Bjånes
 
Veggpryd er vårt absolutte førsteval som gjesteband, og består av fire heilstøypte musikarar:
Knut Vidar Garlid – piano, kapellmeister, arrangør, bygut.
Hallvard Lyssand – trompet, kommunikasjonskonsulent, nærsynt, emigrant.
Nils Midtseter – trommer og perkusjon, logistikkdirektør, innpiskar.
Arne Hernes – bass, fornuftsansvarleg.
 
Det blir open bar før og etter konserten, med mingling og kanskje dans?
 
Ord. 250,-
Golden Circle Surprise 300,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Tid: 
Lørdag, november 2, 2019 - 19:30
 

Det skjer i Os