Bygdekinoen: Spionen

Historia om dobbelagenten Sonja Wigert.

Sonja Wigert levde som ei diva og stjerne i Stockholm ved utbrotet av andre verdenskrig, og fanga raskt merksemda til nazi-offiseren Josef Terboven. Wigert vert så rekruttert av svensk etterretning som spion, og pleiar intim kontakt med Terboven, som rekrutterar ho for å spionere på svenskane. Med far hennar i fengsel i Oslo, og ei gryande kjærleikshistorie til ein ungarsk diplomat i Stockholm, må Sonja bevege seg på ei stram line for å handtere eit spel - og ei rolle - som får fatale følgjer for ho. Filmen er basert på biografien om Sonja Wigert, skriven av Iselin Theien.
 
Genre: Drama / ThrillerRegi: Jens JonssonSkuespillere: Ingrid Bolsø Berdal, Rolf Lassgård, Damien ChapelleNasjonalitet: NoregSpråk: tysk/norsk/svensk
 

Oseana Kunst & Kultursenter

Tid: 
Søndag, oktober 20, 2019 - 18:00
 

Det skjer i Os