Bygdekinoen: Sonja

Diva. Filmstjerne. Ikon.

Sonja er filmen om Sonja Henie, tidenes største kunstløpar, som bestemmer seg for å dra til Hollywood i 1936 og bli filmstjerne. Hennar fyrste film, One In a Million, topper Box Office same år, og sånn skal det fortsette i lang tid framover. Nye filmar, halsbrekkende koreografiar, spektakulære skøyteshow, endelause fester, alltid omringa av kjærastar, beundrarar, vener og familie. Ein endelaus opptur … Men så skjer det. Sonja vert eldre. Ho er ikkje søt lenger. Publikumstallene synker, filmselskapene trekk seg. Korleis skal ho slå seg opp denne gongen?
Ine Marie Willmann speler Sonja Henie. Hun gikk ut av Teaterhøgskolen våren 2011, og har hatt ei rekkje store roller ved teatre rundt i Noreg, bl.a. som Anne Frank i oppsetninga Anne Franks dagbok på Den Nationale Scene i Bergen i 2013, og i Riksteatrets oppsetning av Anna Karenina i 2011. Willmann mottok Amandaprisen for beste kvinnelege skodespelar i 2015 for si rolle i spelefilmen De nærmeste, også denne regissert av Anne Sewitsky. I 2016 mottok ho Gullruten i klassa beste kvinnelege skodespeler for si rolle i krimserien Det tredje øyet (TV2).
I øvrige roller har vi Eldar Skar (Okkupert, Mammon) som broren Leif Henie, Pål Sverre Hagen (Kon-Tiki, Valkyrien) speler Niels Onstad og den irske skuespilleren Valene Kane (The Fall, Star Wars: Rogue One) spiller Sonjas personlige assistent Connie. 
Regissør Anne Sewitsky er utdanna ved Den norske filmskolen på Lillehammer, og Sonja er hennar fjerde spelefilm. I 2011 mottok ho prisen for beste film ved den prestisjefylte filmfestivalen i Sundance for debutfilmen Sykt lykkelig (2010), og hennar andre spelefilm Jørgen + Anne = sant (2011) blei ein kritiker- og publikumssuksess, og vart vist ved filmfestivalen i Berlin. Spillefilmen De nærmeste (2015) blei vist på festivalar både i Sundance og Toronto. Ho har også regissert ei rekkje dramaserier, blant annet Monster (NRK 2017). 
 
Genre: DramaRegi: Anne SewitskySkuespillere: Ine Marie Wilmann, Pål Sverre Hagen, Eldar Skar, Valene KaneNasjonalitet: NorgeSpråk: norskLengde: 1 t. 57 min.

Tid: 
Søndag, januar 6, 2019 - 19:00
 

Det skjer i Os