Bygdekinoen: Kristoffer Robin og Ole Brumm

Kristoffer Robin er blitt vaksen.

I det hjartevarme live-action eventyret, «Kristoffer Robin og Ole Brumm» møter vi igjen den ein gong så unge guten, med utallege opplevingar frå Hundremeterskogen saman med dei høgst verdsatte kosedyrvenane sine, no som vaksen og utan retning på livet sitt. No er det opp til venane frå barndomen å våge seg inn i vår verd for å hjelpe Kristoffer Robin med å finne tilbake til den kjærlege og lekne guten han ein gong var.
 
Kristoffer Robin er vaksen og i ein jobb der han er overarbeida, underbetalt og står overfor ei usikker framtid. Han har eigen familie, men arbeidet hans har blitt sjølve livet og han har liten tid til kona si og dottera. Kristoffer har gløymt den idylliske barndommen sin, som han tilbrakte med den kjære bjørnen sin og venane hans. 
Når han blir gjenforent med Ole Brumm, no litt meir fillete og skiten etter mange år med klemmar og leik, blir venskapen deira gjenoppliva. Kristoffer blir minna om dei endelause dagane frå ein lykkelig barndom med barnlege underverk og gleda av å ha masse av tid til ikkje å gjera noko som helst. Etter eit uhell med Kristoffer Robin sin koffert, reiser Ole Brumm, Tigergutt og Nasse Nøff frå Hundremeterskogen til London for å overlevera kofferten og det viktige innhaldet i den til Kristoffer……fordi bestevenane dine vil alltid stille opp for deg.
 
Skodespelarar: Evan McGregor, Hayley Atwell
Regi: Marc Forster
Manus: Alex Ross Perry,Tom McCarthy
Produsent: Brigham Taylor, Kristin Burr, Renée Wolfe og Jeremy Johns
Foto: Matthias Königswieser
Musikk: Geoff Zanelli
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk/Norsk
Lengde: 1 t. 43 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Walt Disney Pictures
Distribusjon: The Walt Disney Company Nordic
Aldersgrense: 6 år
Begrunnelse: Enkelte mørke og dramatiske scenar gjer at denne filmen får 6-års aldersgrense.
 

Tid: 
Søndag, oktober 7, 2018 - 16:00
 

Det skjer i Os