Bygdekinoen: Green Book

Inspirert av ei sann historie om eit unikt vennskap

Året er 1962, og nattklubbverten/utkastaren Anthony ‘Tony Lip’ Vallelonga står plutseleg utan jobb. Han får tilbod om eit uvanleg oppdrag kor han skal køyre musikaren Dr. Don Shirley på ein to månaders turné gjennom dei amerikanske sørstatane. Tony blir overraska over at doktoren er afroamerikanar og ikkje det han meiner er ein vanleg doktor. Han er først skeptisk til å ta jobben, men lønna er for god til å takke nei.
Dr. Shirley er ein høgt utdanna og sofistikert kunstnar, som snakkar fleire språk, har tre doktorgradar og er ein anerkjend musikar. Tony er ein familiekjær italiensk mann frå gata, med ein tendens til å hamne i trøbbel, ein forkjærleik for rock’n roll og fritert kylling. Tony blir vitne til røyndomen for svarte amerikanarar i dei segregerte sørstatane, og han forstår snart at det var fortida hans som brutal utkastar som gjorde at han fekk jobben. Don gjengjelder lojaliteten gjennom å hjelpe den ikkje akkurat skrivesterke Tony med sine daglege kjærleiksbrev til kona heime i Brooklyn. Dei to kunne ikkje vore meir ulike, og det tar si tid før dei finn felles grunn i at begge blir uglesett av verda rundt seg. Slik startar et gryande, men forsiktig venskap.
Green Book har vunne tre Golden Globes: beste film (komedie/musikal, beste manus og beste bi-rolle. Inspirert av ei sann historie om eit unikt vennskap
OBS! Filmvisninga startar kl. 18:00! 
 
Sjanger: Biografi / Komedie / Drama
Regi: Peter Farrelly
Skodespelarar: Viggo Mortensen, Mahershala Ali, Linda Cardellini 
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Lengde: 2 t. 9 min.
Sensur: 9 år. Enkelte scenar med kortvarige voldsinnslag og truslea gjer at denne filmen får 9- årsgrense.
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement, eller kinoen si Facebookside. 

Tid: 
Søndag, februar 3, 2019 - 18:00
 

Det skjer i Os